Fylkeskommunen skal administrere fylkesvegane

Ansvaret for å administrere fylkesvegane skal overførast til dei nye fylkeskommunane som ein del av regionreforma. Fylkeskommunen samarbeider no med Statens vegvesen om framtidig organisering og overføring av tilsette.

Leier prosjektet: Dina Lefdal, fylkesdirektør for samferdsle i Sogn og Fjordane, leier prosjektet med framtidig organisering av vegområdet i Vestland fylkeskommune.   Foto: Bengt Flaten

Nyhende

–Det er fylka som har det juridiske og økonomiske ansvaret for vegane, og ei overføring av fylkesvegadministrasjonen vil styrke fylkeskommunane i arbeidet med fylkesvegane, seier samferdselsminister Jon Georg Dale i ei pressemelding.

Fylkeskommunen får dermed overført oppgåver knytte til utgreiing, planlegging, bygging, forvaltning, drift og vedlikehald av fylkesveg. For løpande driftskontrakter vil det måtte etablerast overgangsordningar, går det fram av pressemeldinga.

Oppgåver knytte til tryggleik og beredskap, og ansvaret for Nasjonal vegdatabank og vegtrafikksentralane, skal vidareførast som nasjonale oppgåver i Statens vegvesen.

Fylkesordførarane i Hordaland og Sogn og Fjordane er glade for at regjeringa no følgjer opp Stortinget sitt vedtak og overfører fylkesvegadministrasjonen frå staten til fylkeskommunane.

– Fylka har ansvaret for fylkesvegnettet, både økonomisk og juridisk. Då er det ein «missing link» at vi ikkje har hatt kompetansen knytt til utgreiing, planlegging, bygging, forvaltning, drift og vedlikehald av fylkesveg. Ei overføring av fylkesvegadministrasjonen vil vere heilt avgjerande for at fylkeskommunane skal lukkast som vegeigar, og det vil styrke rolla vår som samfunnsutviklar, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane og nestleiar for fellesnemnda, Jenny Følling, i ei pressemelding.

Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar har etablert eit prosjekt som skal sjå på framtidig organisering av vegområdet i Vestland fylkeskommune. Fylkesdirektør for samferdsle i Sogn og Fjordane, Dina Lefdal, er leiar for prosjektet.

– Eg er nøgd med at det er kome ei avklaring på korleis sams vegadministrasjon skal avviklast, seier Lefdal.

– Vi har eit godt og konstruktivt samarbeid med Statens vegvesen i denne prosessen, med sikte på å få til ei god og effektiv organisering av vegadministrasjonen i Vestland fylkeskommune og sørge for ein god og smidig overføring av tilsette.