Gode tal for Loen Skylift

Interessa er stor for å besøkje Loen Skylift. Så langt har anlegget hatt fleire besøkjande enn det var budsjettert med for heile 2018, fortel nettavisa nett.no.

Så langt i år har Loen Skylift hatt fleire besøkande enne det var budsjettert for i heile 2018.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Til saman var det i år budsjettert med 100.000 besøkjande, noko som nesten er ei dobling frå opningsåret i fjor. Tala viser at ein alt no har passert dette målet med 10.000.

Gondolbana i Loen vart raskt ein populær attraksjon etter at den opna i mai i fjor. På det meste hadde anlegget 1.400 besøkjande på ein dag.

Også rekneskapen viser gode tal. Selskapet kunne i fjor gle seg over 37 millionar i driftsinntekter og eit overskot før skatt på 11,8 millionar kroner. Det blei også betalt ut 7,3 millionar kroner i utbyte.

I år ventar sals- og marknadsføringsansvarleg Odd Rune Flo at inntektene blir endå betre, fortel nett.no.

(©NPK)