Kan verte Widerøe-kutt frå Hovden

Widerøe varslar kutt i selskapet sine ruter. Hovden - Oslo kan verte råka. Årsaka er flypassasjeravgifta.

Kan få kutt: Widerøe ved Ørsta Volda lufthamn Hovden.   Foto: Bengt Flaten

Nyhende

– Widerøe har lest statsbudsjettet og må konstatere at trass i at flypassasjeravgifta vert noko differensiert, er dette langt frå tilstrekkeleg til å sikre dei naudsynte rammevilkåra for ei vidare utvikling av det kommersielle kortbanenettet i distrikts-Noreg, heiter det i ei pressemelding frå selskapet.

Widerøe seier at dette vil få konsekvensar for rutetilbodet.

Gå gjennom rutetilbodet

– Vi vil no gå igjennom rutetilbodet vårt, og vurdere kva for ruter som må reduserast i tillegg til kva destinasjonar som vert kutta frå Widerøe-kartet. Widerøe vil komme tilbake til dette så snart dette er klart. Dette vil sannsynlegvis ta nokre veker, heiter det i pressemeldinga.

Ifølgje Dagens Næringsliv vil rutene Hovden - Oslo, Florø - Bergen og Florø - Oslo vere av dei rutene som vert vurdert kutta. Grunnen til det er at dette er kommersielle ruter utan statsstøtte.

- Rutene har svakare lønsemd etter auken i avgifter, skriv Dagens Næringsliv.

Færre passasjerar

Samstundes kjem Avinor med septembertala, og dei fortel om nedgang i passasjertrafikken over Hovden. Det var 9.320 passasjerar som reiste til og frå flyplassen inkludert 114 passasjerar som mellomlanda. Det gjev ein nedgang i trafikken på 6,7 prosent.

Så langt i år har Hovden ein nedgang på 0,7 prosent i passasjertrafikken.


Saka var først publisert på Møre-Nytt.