Startar hotellselskap

Havila Holding startar hotellselskapet Havila Hotels. Det nye selskapet eig allereie Hotel Ivar Aasen i Ørsta og Hotel Raftevold i Hornindal.

Hornindal: Den nye direktøren Anders Aarebrot i resepsjonen ved First Hotel Raftevold.   Foto: Anne-Mari Aalberg

Nyhende

Styreleiar Hege Sævik Rabben og dagleg leiar Günther Dahler ser mange spennande moglegheiter, og vil at selskapet skal vekse. Det melder Nett No .

Tettare opp mot lokalsamfunnet

Det nye selskapet er nøgd med både Hotel Ivar Aasen og Hotel Raftevold, og er glade for at dei har knytt hotella tettare opp mot lokalsamfunnet og fått fleire individuelle reisande.