Belgisk øl:

Med kveik frå Nordfjord

Går alt etter planen blir det øl bryggja på honndalskveik, produsert på lisens i Belgia, i handelen til jul.

Frisk satsing: Roger Severin Bruland (til høgre) saman med Terje Raftevold og Ørjan Skåden (til venstre) har tru på ølproduksjon i Belgia.  Foto: Inge Fænn

Nyhende

«Bryllaup og gravferd – Brulandselva og oppskoke sidan 1783 – kornøl med kveik frå Nordfjord» står det på T-skjorta som skal flagge det nye ølet.

Forklaringa til teksten er at det er lang tradisjon for brygging av øl både til bryllaup og gravferd, og årstalet 1783 er det same som står på eit meiskekar som Terje Raftevold og Roger Severin Bruland, dei to karane bak prosjektet, har brukt ved fleire høve.