Dagens leiarartikkel:

Vel blåst messe og festival

Strynemessa: Freddy Kalas runda av Strynemessa søndag.  Foto: Roger Oldeide

Medan tal messer rundt om i landet har gått ned frå år til år, står Stryne-messa fjellstøtt etter godt over 40 år

Nyhende

To arrangørar har god grunn til å vere nøgde etter kvar sine store arrangement førre helg. Den 43. Strynemessa vart avslutta med kalas i Strynehallen, i regi av Freddy Kalas. Artisten var full av lovord om både messa og publikum, og gav klar beskjed om at han meir enn gjerne kjem tilbake.