Teken i 189 km/t i Kvivstunnelen

Nyhende

Ein mann i 20-åra må rekne med solid fengselsstraff og klare seg lenge utan førarkort etter at UP målte vedkomande til 189 km/t gjennom Kvivstunnelen søndag kveld. Det er 80-sone gjennom tunnelen.

UP opplyser at forholdet vert anmeldt. I tillegg til den eine føraren med ekstrem fartsoverskriding, fekk sju andre bilførarar forenkla førelegg for å ha køyrd for fort.