Fann det opprinnelege merket frå første bremåling i Briksdalen:

- Ei fantastisk oppleving!

– Fantastisk å få oppleve, seier professor Atle Nesje, som sist veke gjorde eit kulturhistorisk funn i Briksdalen: Merket som breforskingspioneren John Bernhard Rekstad sette i ein stein hausten 1900 for å merke kvar brekanten var.

Frå 1900: Norges første statsgeolog, John (Johan) Bernhard Rekstad, byrja med måling av brefrontar på slutten av 1800-talet og sette opp totalt 15 merke som viste brefrontane. Berre fire slike merke har vore funne att, før Atle Nesje fann den merka steinen som viste brefronten ved Briksdalsbreen sist veke. - Ei fantastisk oppleving å få gjere eit slikt funn, seier professoren. 

Nyhende

Atle Nesje, professor ved Universitetet i Bergen, Institutt for geovitskap, har med sin oppvekst i Olden eit ekstra varmt hjarte for Briksdalen.