Russen donerte pengar til Kreftforeininga i Instagram-aksjon

I haust har det pågått ein innsamlingsaksjon på Instagram til inntekt for Kreftforeninga under hasjtaggen #russmotkreft.

Engasjerer seg: – Ein fokuserer mykje på det negative med russen, men vi bidreg i ulike aksjonar, påpeikar Marte Nytun Grønfur (framme t.h.) og Malin Bergset (lengst t.h.). Her saman med ein del av årets russekull i Stryn, som gjennom russegruppene har delteke i Instagram-aksjonen #russmotkreft. 

Nyhende

Vi møter representantar for strynerussen som engasjert kan fortelje om aksjonen som dei fleste russ i landet har fått kjennskap til denne hausten.

– Folk byrja berre å utfordre kvarandre. Alle som er på Instagram med russegruppene kan bli utfordra, forklarar Malin Bergset. Korleis aksjonen oppstod er ho usikker på, men trur det var etter initiativ frå russen sjølve.

Russegruppene tek ofte utgangspunkt i dei som skal ha russebil i lag. Bergset si russegruppe vart utfordra av ei gruppe i Årdal. Slik breier aksjonen seg utover landet.

– Ein blir utfordra på å legge ut bilde og gi eit kronebeløp per likar-klikk, forklarar Bergset. Hennar gruppe donerte to kroner per klikk, noko som resulterte i eit bidrag på litt over 500 kroner til Kreftforeninga. Til saman frå russegruppene i Stryn vart det gitt ca. 2.000 kr.

Dei understrekar at dette ikkje erstattar russen sin faste vårlege bøsseaksjon.