Dagsturhyttene er på plass

Tysdag og onsdag vart dagsturhyttene i Stryn og Hornindal flydd på plass og montert.

Kloppemyra: Dagsturhytta kom på plass i skogen på Kloppemyra litt ovanfor Vik i Stryn tysdag. Hyttene er 15 kvadratmeter store.   Foto: Reknes Byggjevare LL

Nyhende

Ved hjelp av helikopter vart modul-hytta frakta opp på Kloppemyra ovanfor Vik i Stryn tysdag. Tre montørar frå Reknes Byggjevare LL var på plass og sette hytta saman på nokre få timar. Onsdag sette dei opp tilsvarande hytte på Nakkebruna i Hornindal.