Søkjer midlar frå ungdomsrådet

Søkjer mildar: Telegrafen ungdomskafe. Arkivfoto  Foto: Nils P. STøyva

Nyhende

Telegrafen ungdomskafe søkjer om tilskot frå Stryn ungdomsråd. I søknaden heiter det at ein har tenkt å få til ein fin uteplass der folk kan samlast. – Vi har ein hage med nokre benkar, men kan tenkje oss å oppgradere til paviljong med bord og sofagruppe, heiter det i søknaden, der det blir søkt om 13.700 kr. Telegrafen er eit rusfritt, antirasistisk og inkluderande miljøtiltak for unge mellom 13 og 20 år.