- Barnevernstilsett vart angripen i Stryn sentrum

Angrepet skjedde på parkeringsplassen utanfor Stryn Torg og Stryn kommune.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Ein tilsett i barnevernet i Stryn vart angripen utanfor Stryn torg/kommunehuset torsdag ettermiddag. Politiet er i full gang med å etterforske hendinga.

- Den tilsette var på veg heim frå jobb då ei kvinne kom etter og gjekk til angrep. Tredjepersonar kom etter kvart til og klarte å skille dei to, opplyser politibetjent Tor Egedahl til Fjordingen.

På spørsmål om kva som skjedde i bataljen mellom dei to, seier Egedahl at dette er noko uklart.

- Vi har både fornærma og vedkomande som gjekk til angrep inne til avhøyr, og vil forsøke å kartleggje kva som skjedde. Den angripne vart ikkje sendt til sjukehus, men har vore til lege fredag, seier Egedahl.

Han stadfestar at angrepet skal ha vore ein reaksjon på den barnevernstilsette sin jobbutøving, og seier at politiet ser alvorleg på saka.

- Angrep mot offentleg tenestemann er ei alvorleg sak, og det er oppretta straffesak etter hendinga. Vi har hatt fleire vitne inne til avhøyr og meiner vi har grunnlag til å skaffe oss eit godt bilde av kva som faktisk skjedde, seier Egdedahl.

Rådmann Rune Hovde: Slikt kan vi ikkje akseptere

- Det ser ut som ein person vart angripen fordi vedkomande har eit arbeidsforhold i Stryn kommune. Det kan vi ikkje akseptere utan å anmelde saka. Det gjer vi uavhengig av at politiet har sett i gang etterforsking, seier Hovde.

Han har sjølv snakka med den tilsette som vart angripen.

- Vårt største fokus er å ta vare på vedkomande, personar rundt og andre tilsette i Stryn kommune, men utan å overdramatisere. Stryn kommune er ein trygg plass å bu og arbeide. Dette var ei hending ein ikkje skulle tru kunne skje, men det viser seg at slikt kan skje både i Stryn og andre stader i landet. Ikkje mindre beklageleg, men det er viktig å vere klar på at det ikkje er farleg å ferdast i Stryn sentrum, seier Hovde.