Føreslår å utvide Flostranda naturreservat

Flostranda: Frå utvidingsområdet i Flostranda naturreservat med kraftlinje som vil bli fjerna når ho vert lagt i ny vegtunnel til Flo.   Foto: Tom Dybwad/ Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Nyhende

Fylkesmannen har sendt eit framlegg om utviding av Flostranda naturreservat etter prosedyren for frivillig skogvern på høyring.

Framlegget gjeld ca. 35,5 da mellom Fv 722 og Oppstrynsvatnet i nærleiken av Flo. Framlegget har samanheng med bygging av ny tunnel på Fv 722 til Flo, sidan vedteke tunnelinnslag i Veslebygda vil gjere at ca. 10 da må takast ut av naturreservatet. Utvidingsarealet inneheld store naturverdiar.

I følgje Fylkesmannen var det i starten av oktober ikkje kome noko innvendingar mot framlegget.

10. desember er den endelege høyringsfristen for å kome med innspel i denne saka.

HER kan du lese heile høyringsframlegget om utviding av naturreservatet.