Vikane-gutar heidra trenaren

Vikane: F.v.: Lars-Martin Melheim, Marius Sunde Haugen, Adrian Michalski, Emil Drageset, Steffen Reme, Sondre Skåden Aarreberg, Fredrik Stokke Melheim, Ernestas Kosovskij, Johannes Gjerde Mangard, Bakri Agha. (Ikkje til stades: Arian Shiraz Amin).  Foto: Bjarte Haugen

Nyhende

Framfor eit rekordstort publikum på stadion i Innvik sikra Vikane seg tittelen krinsmeister i sjuar- og niarfotball med 9–4 over Eid førre fredag.

Laget heidra også denne kvelden trenaren, Tord Bruland, med ein spesiell gest då dei stilte opp i, for kvelden, nye drakter med «Heia Tord» på. Grunnen til dette var at trenaren hadde vorte ramma av sjukdom, og ikkje kunne delta på dei siste treningane og kampane. Gutane lanserte då på eige initiativ ideen om å få vise at dei verkeleg bryr seg om, å set pris på trenaren sin, ved å ha på desse trøyene under kampen.

Trenaren, som for tida er på behandling i Bergen, sette stor pris på denne rørande omtanken, og han var på tråden fleire gonger under kampen. Det var ein litt kald kveld, men kampen, og ikkje minst det medmenneskelig initiativet, varma alle som hadde møtt opp, skriv laget.

Viane-gutane spelar siste kamp for sesongen borte mot Breim i kveld.