Vil ta i bruk Visnes Industripark:

– Bør relokalisere brannetaten

Det hastar med å få avklart kvar brann- og rednings-etaten skal vere i Stryn. Sjølv vil dei til Visnes.

Visnes Det er aktuelt å flytte brann- og redningsetaten i Stryn inn i Visnes Industripark (VIP-bygget) Alternativet er å utbetre dagens lokale ved Petterneset for å møte ståande krav frå Arbeidstilsynet.   Foto: Roger Oldeide

Nyhende

– Vi har diverre ikkje fått på plass ein intensjonsavtale med politiet og Helse Førde, difor har eg ikkje problem med å gå for rådmannen si tilråding om å avslutte vidare arbeid med å samlokalisere, sa ordførar Sven Flo i Stryn formannskap.