Desse er hypnotisert

Mann vart "kylling" på Hotel Alexandra
Nyhende

Det er laurdag kveld i slutten av oktober. På dansegolvet i Hotel Alexandra står Kristoffer Eide frå Os og ei dame frå Breim. Kring 300 sit benka i nattklubben. Spente og forventningsfulle. Dei var opphavleg 14 personar på dansegolvet, men ein etter ein er sendt ned att. Kristoffer og kvinna i 50-åra er hypnotisør Torgrim Holte sine utvalde. Dei er allereie djupt inne i hypnosen og gjer nøyaktig det Holte ber dei om.