Håp om utkikspunkt ved Jøl bru neste år

Statens vegvesen håpar at det spektakulære utkikspunktet ved Jøl bru på rv 15 Strynefjellsvegen kan bli fullført i 2019.

Spektakulært: Slik ser utkikspunktet og rasteplassen ut, på teiknebrettet til Statens vegvesen.  Foto: Statens vegvesen

Nyhende

Hausten 2016 fortalde Fjordingen at bygginga av utkikspunktet ved Jøl bru skulle bli sendt ut på anbod rett over nyttår. Det skjedde ikkje. I ei pressemelding frå Nasjonale Turistvegar i Statens vegvesen vert det no sagt at Jøl bru er blant prosjekta som er prioriterte fullført i 2019. Totalt har regjeringa tilrådd 170 millionar kroner til ulike prosjekt innanfor Nasjonale Turistvegar i 2019.