- I kva grad skal vi byggje ut Tonningskamben?

Formannskapet vil ha ei grundig politisk handsaming av Tonningskamben 21. november.

Tonningskamben: Kva som blir tilkomstveg og i kva grad Tonningskamben skal utnyttast til bustadtomter skal få politisk handsaming 21. november. Her frå folkemøtet mellom Stryn kommune og bebuarane i Geilevegen 24. oktober.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Det opne møtet mellom Stryn kommune og bebuarane i Geilevegen 24. oktober vart diskutert under formannskapet onsdag. Det vart gitt uttrykk for eit engasjerande og konstruktivt møte med bebuarane. Stryneordføraren sa det kom fleire gode innspel som kan nyttast i den vidare diskusjonen når saka skal handsamast politisk komande formannskapsmøte 21. november.

– Grunnlaget for avgjere om kva vi skal gjere er for tynt akkurat no, men eg vil be kvar og ein av dykk om å førebu diskusjonen vi skal ha om dette. Då skal vi ned i materien politisk og drøfte dette for kva konkrete føringar vi skal gi, forklarte Flo.

Han poengterte at grunnen framleis er i privat eige, men at det er fargelagt som bustadområde for lenge sidan.

– Tema er tilkomstveg og i kva grad Tonningskamben skal utnyttast, understreka Flo.

Formannskapet bad om informasjon tidlegast mogleg slik at dei kan handsame saka i sine respektive gruppemøte før saka skal handsamast.