Søkjer stillingar som fylkesdirektørar

Søkjarar til direktørstillingar: Frå v. Hilde Bjørkum, Jan Heggheim og Dina Lefdal.  Foto: Fotomontasje

Nyhende

36 har søkt på stillingane som fylkesdirektørar i Vestland fylke.

– Vi har fått mange og gode søkjarar, seier prosjektleiar Rune Haugsdal for Vestland fylkeskommune i ei pressemelding etter at søkjarlistene til seks av direktørstillingane i nye Vestland fylkeskommune er offentleggjorde.

– Eg har vore spent på kven og kor mange som valde å søkje, men då eg fekk oversikta over søkjarane kunne eg konstatere at det er både mange og gode kandidatar på listene. Det seier meg noko om at det er mange dyktige leiarar som ynskjer å vere med på å bygge det nye fylket. Dei vil ha ei heilt sentral rolle i å bygge opp den nye organisasjonen, og i å leie arbeidet i dei nye avdelingane, seier Rune Haugsdal.

Haugsdal blir fylkesrådmann og øvste administrative leiar av Vestland fylkeskommune frå 1. januar 2020.

Planen er at leiargruppa for den nye, samanslegne fylkeskommunen skal bli klar i midten av november.

– Framdriftsplanen for rekrutteringa er stram, men det ser ut til at vi kjem i mål innan tidsfristen vi sette oss, og at vi kan melde ut namna på dei nye direktørane i midten av november, seier Rune Haugsdal.

Dette er søkjarane:

Fylkesdirektør for organisasjon og økonomi

Trude Brevik Damm, Knarrevik

Sheetal Deshmukh, Mumbai

Stig Hamre, Knarrevik

Nils Olav Kvam, Søreidgrend

Knut Arild Langeland, Frekhaug

Frances Liza Acosta Myrvoll, Møkster

Daniel Svarstad, Florvåg

Ingrid Kristine Holm Svendsen, Fyllingsdalen

Fylkesdirektør for strategisk utvikling og digitalisering

Sheetal Deshmukh, Mumbai

Bengt Sjøthun Ellingsen, Sandnes

Paal Fosdal, Leikanger

Anne-Merete Vabø Haugane, Brattholmen

Jan Heggheim, Loen

Merethe Mæland, Bergen

Fylkesdirektør for opplæring og kompetanse

Ivar Bø, Stavern

Sheetal Deshmukh, Mumbai

Kvinne, Oslo

Bjørn Lyngedal, Bergen

Torbjørn Mjelstad, Bønes

Hillevi Elizabeth Runshaug, Bergen

Fylkesdirektør for mobilitet og kollektivtransport

Sheetal Deshmukh, Mumbai

Håkon Rasmussen, Bergen

Per Pilutaq Rosing-Petersen, Nuussuaq

Kjetil Strand, Molde

Fylkesdirektør for infrastruktur og veg

Dina Lefdal, Leikanger

Sheetal Deshmukh, Mumbai

Fylkesdirektør for kultur, idrett og inkludering

Hilde Bjørkum, Førde

Sheetal Deshmukh, Mumbai

Per Morten Ekerhovd, Paradis

Morten Fjeldstad, Bergen

Peter André Haaland, Frogner

Jan Heggheim, Loen

Anita Nordheim, Høyanger

Daniel Romero Nieto, Trondheim

Kvinne, Bergen

Trond Ueland, Førde