Stryn KrF-leiaren:

– Eg er veldig skuffa

– Men eg er stolt over korleis KrF har handtert dette, seier Stryn Krf-leiar Kari Synnøve Muri som ikkje har tenkt å gi seg

Skuffa Kari Synnøve Muri er veldig skuffa over partiet sitt retningsval, men har tru på at KrF vil klare å samle seg til vegen vidare.   Foto: Roger Oldeide (Arkivfoto)

Nyhende

– Eg er veldig skuffa over resultatet. Både fordi vi truleg mister vår partileiar Knut Arild Hareide, men også fordi vi bryt vallovnaden vår om å ikkje gå inn i regjering saman med Frp. Blir det eit samarbeid i Solberg-regjeringa så vil KrF som sentrumsparti få ei tyngre dragning mot høgre. Det synest eg er veldig uheldig, seier Muri.