– Ha jod-tablettar i heimen

Kommunen vil etablere eit lager av jod-tablettar grunna auka fokus på atomberedskap

Vil etablere lager av jod-tablettar – Det er ingen dramatikk i dette, understreka stryneordførar Sven Flo.   Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Stryneordføraren orienterte formannskapet om ein konferanse han har vore på om samfunnstryggleik og beredskap der fokus var atomberedskap.

– Det er ingen dramatikk i dette, men det er atomkraftverk rundt oss, både i Finland og Storbritannia. Det rehabiliterast gamle anlegg og nye blir bygd. Difor er det auka fokus på atomberedskap, forklarte Flo.

Eit tiltak er å etablere eit beredskapslager av jod-tablettar, både i kommunen og i kvar heim. Helse- og omsorgsdepartementet har bestemt at frå 1. november vil norske apotek selje jod-tablettar til private utan resept.

– Fylkesmannen seier og at det er fornuftig at kvar og ein av oss har eit lager av jod-tablettar i heimen, sa Flo.

Han la til at det i tillegg er fartøy langs kysten som har atomkraft og ein skal vere bevisst på at skipsulukker langs norskekysten kan skje. Primærgruppa er born og unge under 18 år og gravide og at kommunen vil etablere eit lager av jod-tablettar for barnehagar, skular etc.

Tilskot av jod blokkerer opptak av radioaktivt jod i skjoldbruskkjertelen og førebyggjer difor kreft.