Fylkesmannen:

- Alle barn i fosterheim har no fått tilsynsbesøk

Nyhende

Fylkesmannen såg alvorleg på at rapporteringa for Stryn kommune i 2017 viste at 30 prosent av borna i fosterheim i Stryn kommune mangla lovpålagde fosterheimsbesøk. I svar til Fylkesmannen gjorde leiar for barnevernstenesta i Stryn greie for dei manglande oppfølgingsbesøka og sa dette ville bli teke opp for drøfting og opplæring. – Halvårsrapporteringsskjemaet for Stryn kommune for hausten 2018 viser at alle barn i fosterheim no har fått lovpålagde tilsynsbesøk og lovpålagde oppfølgingsbesøk, opplyser Gunn Randi Bjørnevoll, rådgjevar i Helse og sosialavdelinga hos Fylkesmannen, til Fjordingen.