Klaga og fekk ny adresse

Spar-bygget på Grodås får ny adresse: Sanden 24 for butikken og Sanden 26 for 2. og 3. etasje.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Brukarar av Grodås Tunet (Sparbygget) i Hornindal meinte det var ulogisk å få tildelt gateadresse Grøddesvegen, og sendte klage til kommunen. Klaga er teken til følge, og bygget er no tildelt adresse Sanden 24 og Sanden 26, ettersom hovudtilkomst til bygget er gjennom hovudgata i sentrum. Grøddesvegen er gata bak bygget.