Med nase og smak for god kaffi

13 nye baristaer har gjennomgått kurs i Stryn.

13 nye baristaer: Frå kurset ved Stryn Kaffebar & Vertshus, bak frå v. master barista og med-kurshaldar Adrian Lefdal, Christian Johannessen, Piotr Mosielek, Ida Kristin Sunde, Paulina Gradziel, Estela Vidal, Gry Hunvik, Mina Kristine Deocariza Aarseth, kursleiar master barista Anders Dalset. Framme frå venstre Bengt Raftevold, Paulina Basista, Kristine Reitan, Turid Lefdal, Jules Nouzille og Mikaela Hollsten. Alle foto: Stryn Kaffebar & Vertshus  Foto: Stryn Kaffebar & Vertshus

Nyhende

Ein barista er ein person som har tileigna seg kunnskap og kompetanse om tillaging av kaffi, og nyleg gjennomgjekk 13 personar baristakurs i regi av Stryn Kaffebar & Vertshus.

Øving: Kursa går mykje på praktisk øving blant deltakarane.  Foto: Stryn kaffebar & vertshus

Eigar og dagleg leiar Adrian Lefdal seier han legg mykje i å utvikle både vertshuset og dei tilsette, derunder også kursing og kompetanseheving.

Anders Dalseg frå Nestlé Professional og Adrian Lefdal sjølv var kursleiarar for kurset som vart halde på vertshuset.

Kopping: Praktisk øving i kopping, smaking av aroma på ulike typar kaffibønner.  Foto: Stryn kaffebar & vertshus

Der vart det utdanna 13 nye «basic barista» frå Stryn Kaffebar & Vertshus, Magnifikk og Bankkjelleren på Eid.