Skal utvikle Selje kloster som reisemål

Klosterøya: Selje kloster på øya Selja.  Foto: Foto: Sigrun Espe / Sogn og Fjordane fylkeskommune

Nyhende

Fylkeskommunen har starta eit prosjekt for å utvikle Selje kloster som attraktivt og berekraftig reisemål. PwC leier forprosjektet, som skal vere ferdig våren 2019.

– Selje kloster er ein attraksjon av internasjonalt format, som vi ikkje har makta å legge til rette slik at staden får dei besøkande som dette kulturminnet fortener. Det er gjort mykje for å setje ruinane i stand siste åra. Vi vonar at vi no kan koordinere alle gode krefter for å få Selje kloster fram til folk, slik at dei kan oppleve denne juvelen, seier fylkesdirektør for næring og kultur, Jan Heggheim på fylkeskommunen si nettside.

I tillegg til fylkeskommunen, har styringsgruppa representantar frå Selje, Eid, Innovasjon Norge, Riksantikvaren og lokale næringsaktørar i Selje.

Selje kloster har i dag om lag 3.000 besøkande kvart år.