Byggjer ut i Briksdalen

I det siste turistbuss svingar ut frå parkeringsplassen ved Briksdalsbre Fjellstove vert det sett punktum for ein sesong med nær 300.000 gjester. No startar ein ny periode, med vareteljing, vedlikehald, bygging, oppgradering og førebuing til sesongen 2019. I år står også utbygging på planen: Nytt kjøken, 140 kvm med to avdelingar, er alt godt i gang.

Tradisjon: Oddrunn Grodås og Per Briksdal vidarefører den lange tradisjonen med turistverksemd ved Briksdalsbre Fjellstove t.h. Så tidleg som i 1891–92 bygde Anders Briksdal ei turisthytte og hadde utsal av mat og drikke. Det grå huset bak til venstre er i dag den eldste bygningen her oppe, og bak kledninga gøymer det seg ei gammal nordfjordstove.  Foto: Gunnhild Sindre

Å gå og stelle blomster når det stilnar rundt deg, eller ta ein tur til breen når det ikkje er andre der. Det er slikt som gjev påfyll og energi!

Nyhende

Det er haust i Briksdalen. Framleis kjem det besøkande som ruslar opp til breen, men ved fjellstova er det sesongslutt. No startar ei tid med andre arbeidsoppgåver for folket som har liv og virke her oppe.