Utslitne dekk gav gebyr

Illustrasjonsbilde.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

I ein tungtransportkontroll ved Kjøs bru søndag fekk to førarar gebyr for utslitne dekk.

Statens vegvsen hadde kontroll same stad fredag. Eitt køyretøy vart avskilta for ikkje ha godkjent periodisk kontroll, det vart utferdiga ein mangelapp for teknisk mangel på køyretøyet, ein førar fekk advarsel for brot på køyre- og kviletidsregelverket, og to førarar måtte sikre lasta betre før vidare køyring. Ein førar fekk 750 kroner i gebyr for eitt utslitt dekk, og ein førar fekk 500 kroner i gebyr for manglande dokument.