Folkemøte om nye Volda i Honndalshallen:

– De teiknar eit dystert bilde

«Dystert», «høg lånegjeld» og «krevjande» var ord som gjekk att då Fellesnemnda for nye Volda inviterte til folkemøte i Honndalshallen førre veke.

– Brett opp ermane: Knut Ove Rygg var ein av fleire som meinte at ein må innta ei meir offensiv haldning når den nye kommunen skal byggjast. Han tykte administrasjonen teikna eit dystert bilde under folkemøtet i Honndalshallen. Til venstre ser vi kommunikasjonsmedarbeidar i nye Volda, Joakim Rødven. Foto: Roy Aron Myklebust  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

I orienteringa frå administrasjonen var det stort fokus på dei store utfordringane kommunane står ovanfor. Både kvar for seg og etter 2019 når ein er ny kommune.