- Bør ha nærare tilbod om kremasjon

Vedtok utviding av Nordsida kyrkjegard, men diskusjonen handla om kremasjon.

Får meir plass Det kostar 4 millionar kroner å utvide gravplassen ved Nordsida kyrkje. Det skal gi plass til 241 nye graver og 30 urner  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Planen om å utvide Nordsida kyrkjegard, med plass til 241 nye graver og 30 urner, vart handsama av formannskapet førre veke. Dei vedtok samrøystes ei tilleggsløyving på 2 millionar til å fullføre prosjektet som er kostnadsrekna til totalt 4 millionar kroner.