Pizzabakeren

Har stengt dørene

Pizzabakeren har forlete Stryn

Stengt Pizzabakeren Stryn i Myrane  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Etter vedvarande svikt i omsetnaden stengde Pizzabakeren Stryn dørene fredag 2. november. Fjordingen får opplyst at sju deltidstilsette har mista jobben.

- Det er veldig trist at vi må bort frå Stryn. Vi er lei oss på vegne av våre tilsette her og alle våre kundar. Det var diverre for lite omsetnad over tid, seier driftsansvarleg Ann-Kristin Pettersen-Lillestøl til Fjordingen.

Pizzabakeren, som opna dørene i Myrane 14 mars i fjor, trur det kan ha vore betre grunnlag for drift med ei annan adresse.

- Eg trur vi hadde vore betre rusta som ein pizzarestaurant i Tonningsgata med innandørs sitteplassar, slik vi først hadde håpa på. Det har vore turistsesongen og festivalane som har heldt oss gåande I Stryn. Vi har mange faste kundar her, men det heldt diverre ikkje. Det var i Stryn vi starta, så vi synes det er kjempetrist å stenge dørene her, seier Pettersen-Lillestøl.

Ho presiserar at det ikkje er snakk om ein konkurs då firmaet framleis driv både i Ørsta og i Orkanger.

Pizzakjeda skriv på eigne heimesider at dei har 170 utsalsstader i Norge pr. idag.