Dagens leiarartikkel:

Vald mot tilsett i barnevernet

Angrep på barnevernstilsett: Ein tilsett i barnevernet i Stryn vart angripen på parkeringspalssen utanfor Stryn Torg/Stryn kommune torsdag ettermiddag. Politiet ser alvorleg på saka og har oppretta straffesak.  Foto: Bengt Flaten

Uansett om barnevernet har gjort feil eller ikkje, er vald mot ein tilsett i barnevernet fullstendig uakseptabelt

Nyhende

Ein av dei tilsette i Stryn barnevern vart angripen på veg heim frå jobb torsdag ettermiddag. På parkeringsplassen utanfor Stryn Torg der Stryn kommune og har sine kontor, vart vedkomande henta inn av ein person som ifølgje politiet gjekk til angrep på den barnevernstilsette. Andre personar som var i området kom til og fekk skilt dei to. Politiet vart straks varsla og det vart raskt sett i gang etterforsking og vitneavhøyr.