«Akvarellmålaren er som ein jazzmusikar»

Kunstnar Magne V. Kristiansen lærte frå seg kunnskap og teknikkar i akvarellmåling.

lærte bort teknikkar: Kunstnar Magne V. Kristiansen lærer bort teknikkar og kunstnariske verkemiddel til nybegynnar Kari Halsteinslid (t.v.) og Nina Ytreeide. Resultata, målt i akvarell, blir stilt under årets kulturnatt i Stryn.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

I regi av Stryn Kunstlag var det kurs i akvarellmåling på Tonning skule denne helga. Lærar var kunstnaren Magne V. Kristiansen, som hadde mykje å seie om måling med vassbasert akvarell.