Per Bolstad plass:

Arbeidet er i gong

Per Bolstad plass vil vere stengd i anleggsperioden
Nyhende

Det er Yri Sand AS som er hovudentreprenør på arbeidet med Per Bolstad plass. Sjølve plassen vil vere stengd heile november og frå januar til 9. mai grunna anleggsarbeid.

- I desember kan det vere mogleg å leige torgplassen, men ein kan risikere at dekket er dårleg etter at hellene er teke vekk, melder Stryn kommune.

Som omtalt skal den eksisterande sentrumsplassen hevast opp i høgd med kringliggande terreng. Det betyr fjerning av eksisterande skiferbelegg, riving av steinmur og flytting av steinskulpturar.

Ein oppgradert Per Bolstad plass skal stå ferdig 9. mai neste år

Les også: Gir 160.000 kroner til Per Bolstad plass