Grovformangel - på helsa laus

Kronikk

Media forsvinn, men ikkje belastningane: For mange er det no utover hausten og vinteren dei verkelege problema byrjar med fôrmangel og redusert produksjon, med påfølgande økonomiske konsekvensar. Dette kan fort gå på helsa laus, og det er difor viktig å vere merksam på signal hjå oss sjølv som kan tyde på at vi er i ferd med å «møte veggen», og setje inn tiltak før det skjer. Illustrasjonsfoto: NLV  Foto: NLV

Det er ikkje bra å bere bekymringar inne i seg sjølv. Snakk om dei med nokon.Det gir deg ikkje meir fôr, men bekymringar kan bearbeidast og blir kanskje mindre gjennom å få snakke om dei.

Nyhende

Kolbjørn Taklo HMS-rådgjevar, Norsk Landbruksrådgiving Vest   Foto: NLV

For mange er det no utover hausten og vinteren dei verkelege problema byrjar med fôrmangel og redusert produksjon, med påfølgande økonomiske konsekvensar. Dette kan fort gå på helsa laus, og det er difor viktig å vere merksam på signal hjå oss sjølv som kan tyde på at vi er i ferd med å «møte veggen», og setje inn tiltak før det skjer.

Føre var

Alle leverandørar og aktørar innan landbruket veit at situasjonen er spesiell i år. Det er difor lurt å snakke med bank, andre kreditorar, fôr- og maskinleverandørar, varemottakarar og gjere avtalar om utsetting av avdrag/nedbetalingar dersom du ser at dette ikkje går bra. Det er viktig å gjere dette tidleg, slik at ein skaffar seg handlingsrom.

Snakk om det

Det er ikkje bra å bere bekymringar inne i seg sjølv. Snakk om dei med nokon.

Naboar, andre bønder, Tine eller NLR-rådgjevar, dyrlege. Det gir deg ikkje meir fôr, men bekymringar kan bearbeidast og blir kanskje mindre gjennom å få snakke om dei. Og kanskje får du tips om nokre gode løysingar og?

Lytt på andre

Om du ikkje er bekymra sjølv, så er kanskje andre du kjenner det.

Ta deg litt ekstra tid til å høyre på andre sine bekymringar, inviter gjerne på ein kopp kaffi eller ta ein ekstra tur til kaffikråna i butikken no utover hausten og vinteren. Nettopp du kan vere ei viktig fyrlykt for andre.

Ta kontakt

Gjennom rådgjevingsapparatet og samarbeidsavtalar med bedriftshelsetenester over heile landet, kan NLR tre støttande til og hjelpe i vanskelege/kritiske situasjonar.

Vi formidlar kontakt for samtale med helsepersonell i bedriftshelsetenestene. Ta kontakt med HMS-rådgjevar eller andre i din region dersom du eller andre treng slik hjelp. Innan visse råmer er dette tilbodet gratis til alle bønder.

Signala

Nervøsitet, vondt i magen, dårleg matlyst, vanskar med å få sove, oppfarande, ulyst til å vere i lag med andre, kan vere signal på at ein nærmar seg ei grense for at det kan bli ein kritisk situasjon. Dette er kanskje ting som er normale når det oppstår av og til, men om det skjer hyppig og ikkje går over ganske fort, kan det vere eit faresignal.

Hugs at det er du sjølv som veit mest om deg – og veit korleis det skal vere. Når det ikkje fungerer over tid, må du søke hjelp.

Tidlegare fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Ola M. Hestenes oppsummerte det vesentlege i ein oppheta vegstrid: «Eg ete gøtt, og eg søve gøtt», og i lag med sunnfjordkjenneteiknet «ete fysst», er vel dette kjernepunkta i eit godt liv.