Stansar masseuttak i Olden

Direktoratet for mineralforvaltning har gjort vedtak om stans av all aktivitet i Brynestad masseuttak i Olden.

DMF: Direktoratet for minrelaforvaltning er staten sitt sentrale fagorgan i mineralsaker og skal arbeide for at Norges mineralressursar vert forvalta og utnytta til beste for samfunnet.  Foto: DMF logo

Nyhende

I november 2017 vart Salve Røyrhus tildelt driftskonsesjon for Bryenstad masseuttak i Olden. I vedtaket vert det stilt vilkår om etablering av øknomisk sikkerheit med 1.200.000 kr, der det skulle betalast inn eit grunnbelø på 300.000 kr og deretter årlege avsetjingar til ein bankkonto det er etablert pant i til fordel for Direktoratet for mineralforvaltnin.