Reagerer kraftig på budsjettframlegget:

– Eg er frustrert og forbanna

Ordførar i Stryn, Sven Flo, er ikkje nådig etter at rådmann Rune Hovde la fram sitt forslag til budsjett tidlegare i veka.

Oppgitt: Ordførar Sven Flo (t.h.) er oppgitt og frustrert over budsjettframlegget til rådmann Rune Hovde.  Foto: Thomas Thaule

Budsjettet som er lagt fram vil ikkje bli sjåande slik ut, det kan eg berre seie

Ordførar Sven Flo
Nyhende

– Det er eit defensivt budsjett som no er lagt fram, som ikkje skapar vekst og utvikling i kommunen, seier ein oppgitt ordførar. Han seier at utfordringa no er at politikarane sine klare intensjonar i førre budsjettrunde, det har rådmannen teke ut.