Eit variert program:

– Velkomen til kulturnatt

Fredag går den tradisjonelle kulturnatta i Stryn av stabelen, med eit variert og spennande program. Det blir også eit ekstra fokus på kulturskulen som feirar 30-årsjubileum.

Kulturnatt: – Velkomen til kulturnatt i Stryn, seier Kristin Hatledal (t.v.), Linda Gytri, Kåre Bruvoll Alme og Knut Einar Lillebø Voll.  Foto: Thomas Thaule

Kulturnatta er eit tilbod til alle, ung som gamal

Nyhende

– Kulturnatta er eit tilbod til alle, ung som gamal, fortel kulturskulerektor Linda Gytri, biblioteksjef Kristin Hatledal, kulturskulelærar og ungdomskontakt Knut Einar Lillebø Voll og vikarierande kulturhusleiar Kåre Bruvoll Alme. Dei ser fram til eit variert program på kulturnatta.

Frå taco til kultursti

Det heile startar fredag ettermiddag med tacomiddag i kulturhuset. Deretter går det slag i slag med høgtlesing i symjehallen, utstillingar ved Stryn Husflidslag, Stryn Kunstlag, kunstutstilling ved kulturskuleelevar og ulike konsertar.

Jubileumskonsert

– Det blir eit ekstra fokus på kulturskulen som rundar 30 år, seier kulturskulerektor Linda Gytri.

– Både tidlegare kulturskuleelevar, mellom anna Nikolai Storevik og Elida Høgalmen, og noverande kulturskuleelevar vil bidra på jubileumskonserten fredag kveld, seier Linda Gytri.

Også biblioteket bidreg under kulturnatta.

– Vi kjem mellom anna til å ha besøk av forfattaren Synnøve Vinsrygg, og den utflytte stryningen vil presentere boka si «Glemselen er ei mektig trollkvinne», fortel biblioteksjef Kristin Hatledal.

Det blir også arrangert ein kultursti (quiz) på vegen mellom kulturhuset og biblioteket, og her lokkar arrangørane med flotte premiar. Det vil i tillegg vere arrangement ved omsorgssentera i Stryn og Vikane, ved Erdalen Bygdemølle i Oppstryn, Telegrafen Ungdomskafe og ved nokre av serveringsstadane i Stryn og Loen.

Tidlegare kulturskuleelevar med eigne konsertar

Tidlegare elevar ved kulturskulen i Stryn, Elida Høgalmen og Nikolai Storevik, vil begge halde konsertar i kulturhuset på kvelden, i tillegg til å bidra på jubileumskonserten.