Fredagspraten:

Klekkjer ut politiske idear på hjortejakt

Fredagspraten: – Ap vinn valet neste år fordi veljarane er lei av at dagens regjering prioriterer sentralisering og skattelette for dei rikaste framfor god distriktspolitikk, seier Oddbjørn Lager Nesje.  Foto: Privat

Nyhende

Namn: Oddbjørn Lager Nesje

Alder: 41

Jobb: Leiar for samfunnskontakt i Redningsselskapet

Kjem frå: Mindresunde

Bur: Kolbotn


Kva opptek Oddbjørn Nesje for tida?

Som småbarnsforeldre er eg og kona opptekne av at borna våre skal ha det bra både på skulen, i barnehagen og i fritida. Det er hektiske dagar men kanskje litt ekstra no når det nærmar seg jul. Dessutan er eg varaordførarkandidat for Nordre Follo Arbeidarparti, og no er vi midt i førebuinga til valkampen.

Kvifor flytta du frå Stryn?

Eg flytta for å studere, og sidan det ikkje er så mange jobbar for samfunnsvitarar i Stryn enda eg først opp i Bergen og sidan i Oslo. Men vi er ofte i Stryn, og vi har fritidsbustad heime på Mindresunde. Vi trivst veldig godt på ferie i Stryn!

Kva skal til for at du flyttar heim?

Vi er godt etablert på Kolbotn. Det er ein fantastisk plass å bu med kort veg til både utmark og byen. Eg trivst veldig godt i jobben min i Redningsselskapet. Dersom Redningsselskapet flyttar hovudkontoret til Stryn so skal eg vurdere å flytte heim!

Les du Fjordingen?

For meg som er samfunnsengasjert er det spesielt relevant å lese Fjordingen når viktige politiske prosessar står på for fullt. Eg følgjer debatten om nye Strynefjellstunnelar med stor interesse.

Er det noko lokalavisa gjerne kan skrive meir om?

Fjordingen må gjerne skrive endå meir om alle dei flinke ungdomane i Stryn, om kva dei får til og kor viktig det er for bygda og distriktet. Det er bra at Fjordingen er nær folk og skriv om både dei små og dei store sakene.

Kva ville du gjort dersom du var ordførar i Stryn for ein dag?

Då ville eg reist rundt i bygdene og snakka med folk om kva som er viktig for dei. Ein fordel med ein slik tur er sjølvsagt at eg hadde fått sett og opplevd mykje. I løpet av dagen ville eg og skrive eit brev til statsminister Erna Solberg og finansminister Siv Jensen og spurt om kvifor politireforma fører til færre politifolk i distrikta.

Har du eit godt ferietips?

Norskekysten er fantastisk, og kanskje spesielt om ein er glad i å fiske, men berre det å vere der er ei oppleving i seg sjølv. Kona mi er frå Nordland, og vi likar begge to å få oss ein tur ut til havet i løpet av året.

Kva ville du vist fram i Nordfjord til gode vener?

Eg går på reinsjakt i Breheimen og Reinheimen og meiner bestemt at det å kome seg opp på fjellet i nærområdet vårt, og kanskje få sjå ein reinsflokk, er ei av dei flottaste naturopplevingane ein kan ha i Norge. Og so ete middag på Matstova og besøke nasjonalparksenteret når ein kjem ned att. Systera mi jobbar der so no har dei fått seg litt gratisreklame. Hei, Wenche!

Kva et du helst til frukost?

Til frukost et eg ei skive med kjøtpålegg eller ost, og ei skive med sylte. No er det hjortejaktsesong og då er det aktuelt med kokt hjortetunge eller -hjarte som pålegg og. Det er snadder skal eg seie deg!

Trenar du, i tilfelle kva?

På Storesunde skule spelte vi fotball om sommaren, og om vinteren gjekk vi på ski. Det held eg på med enno. Eg nådde toppen i fotballkarriera mi då oldboys-laget mitt vart kretsmeistrar for nokre år sidan. Men vi held no på enno ein gjeng, og eg drøymer framleis om å score det perfekte målet!

Kva ser du helst på TV?

Med små ungar i hus er det ikkje mykje eg får sett på fjernsyn, men vi prøver no å få med oss gode seriar som Le Bureau på NRK. Gullrekka på fredagane er og aktuelt å få med seg.

Kva er ditt forhold til sosiale media (Facebook, Instagram, Snapchat ...)?

Sosiale media er ein viktig kommunikasjonskanal for dei fleste av oss. Sidan eg jobbar innan kommunikasjon, samfunn og politikk er det klart at eg må engasjere meg på sosiale media.

Korleis ser ei perfekt helg ut for deg?

Då er vi heime på Mindresunde, det er fint vêr, vi et frukost ute og får besøk av familie og vener utover dagen. Ungane leikar, og på ettermiddagen går vi tur eller kanskje vi fer ut på vatnet for å fiske. No om hausten er det gjerne aktuelt med hjortejakt. Mindresunde er ei frihamn der eg får tid til å reflektere over små og store utfordringar. Det er på post under hjortejakta på Mindresunde dei politiske ideane vert til!

Kven får di helsing gjennom lokalavisa?

Det blir foreldra mine, Jan Lars og Ragnhild, heime på Mindresunde. Og søskena mine Wenche, Reidar, Rigmor, Kristine og Henrik. Og alle borna eg er onkel til! Vi gler oss til å kome heim til jul!