Krav til brannstasjon er ei skikkeleg hovudpine

Arbeidstilsynet sine krav til garderobe og skilje mellom rein og urein sone ved Hornindal brannstasjon er blitt ei skikkeleg hovudpine for kommunen.

Hornindal brannstasjon: Med trafikkareal på utsida og lokale i same bygg som andre, er ikkje brakke aktuell løysing for Hornindal brannvesen.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Etter tilsyn ved brannstasjonen fekk Hornindal kommune ei lang rekkje påbod, blant anna i forhold til å ordne dusj og garderobe med skilje mellom rein og urein sone. Kommunen har løyst mange av påboda, men garderobeutfordringa står uløyst.