Dagens leiarartikkel

Tinggata som gågate?

Tinggata har eit variert utval av forretningar og om lag 25 parkeringsplassar.  Foto: Anne-Mari Aalberg

Det er viktig å ikkje gjere grep som reduserer kundegrunnlaget for butikkane

Nyhende

Stryn Venstre har lansert ideen om å stengje Tinggata i Stryn sentrum for biltrafikk, og gjere gata om til gågate. Astrid Hoffart som kom med innspelet gjennom Fjordingen sine spalter tysdag denne veka, ser føre seg fargerike benkar, fleire tre og store blomsteroppsatsar. Gjerne også ein paviljong som kan gje plass og rom til små konsertar eller andre arrangement. Og meir parkpreg på området, som igjen vil invitere til aktivitet og rekreasjon.

Ideen om å skape mjukare preg og betre tilrettelegging for gåande i sentrum, er god. Om stenging av Tinggata for all biltrafikk er det rette grepet, må diskuterast og vurderast med ulike innfallsvinklar. Hoffart meiner det å stenge Tinggata for biltrafikk er ubetydeleg for trafikkflyten, og at det vil bidra til meir folk i gata.

Vi tippar det er nokre butikkeigarar i området som ikkje er samde i det. Tinggata har ca. 25 parkeringsplassar. Diverre er det blitt slik at vi handlande likar å køyre så nær butikkdøra som mogleg. Dersom 25 parkeringsplassar vert fjerna i Tinggata, må kundane finne parkering andre stader. Det er ikkje sikkert det er så enkelt rett rundt neste gatehjørne. Dermed vil fjerning av parkeringsplassar brått føre til større avstand for kundane, med fare for redusert omsetjing for butikkane i Tinggata. Dette må butikkeigarane sjølv få høve til å meine noko om, og ha sterk påverknad på.

Tinggata er i seg sjølv så brei at det bør vere mogleg å kombinere Stryn Venstre sin idé om betre tilrettelegging for dei gåande og samtidig behalde gata for biltrafikk og parkering. Alle idear om å gjere sentrum meir attraktivt bør helsast velkomen. Samtidig er det viktig å ikkje gjere grep som reduserer kundegrunnlaget for butikkane. Utan eit rikhaldig utval av butikkar vil Stryn sentrum kunne tape kampen om dei handlande mot andre handelssentera. I Ålesund er gågata eit trist eksempel på korleis butikkar har bukka under mot Moa. Stryn har så langt klart å kombinere trivelege handlegater med eit ikkje alt for stort kjøpesenter. Målet må vere å halde fram slik.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør