To bilistar mista lappen i Innvik

Nyhende

Ei kvinne frå Sunnfjord og ein mann frå Latvia vart fråtekne førarkortet etter å ha køyrd inn i UP sin lasekontroll i 50-sona i Innvik fredag. Dei køyrde høvesvis 76 og 80 km/t.

UP skreiv i tillegg ut fem forenkla førelegg for fartsoverskriding der høgste fart var 62 km/t. Ein bilførar fekk førelegg for bruk av handhalden mobil.