ELG tilbake i Stryn kulturhus:

- Vi gler oss til å sjå ELG live

Publikum vil få servert nye låtar og gamle publikumsfavorittar når artisten ELG vender tilbake til Stryn kulturhus laurdag.

Tilbake: Øivind «ELG» Elgenes besøkte Stryn kulturhus for to år sidan, og vender tilbake me konsert laurdag 10. november. Han vil presentere både nytt låtmateriale og gamle slagerar. Artisten har med bandet sitt med Kyrre Sætran, Trond Johnsen og Bjørn Jenssen.   Foto: Presse

Nyhende

ELG er mest kjent som stemma i Dance With A Stranger.

Som soloartist har Øivind Elgenes også blitt ein folkekjær songar, gitarist og låtskrivar i snart 40 år. I år fyller han 60 år, noko som definitivt blir markert både med nytt album og konsertar i store deler av landet. Han har no fullt fokus på å presentere sitt sjuande soloalbum, «Det går en drøm gjennom landet», og jubileumsturnén med band. Denne gongen har låtane fått norske tekstar, noko som publikum har etterspurt etter at han slapp albumet Storm.

Konsertane i haust vil naturleg nok innehalde fleire låtar frå det nye albumet, men også kjende publikumsfavorittar frå dei tidlegare albuma hans.

– Vi i kulturhuset er klare for å ta i mot ein kjempegod artist, og at vi håpar at flest muleg vil kome og sjå på han. ELG har jo vore mykje på TV den siste tida, så det blir spennande å sjå han live. Konserten har vore utseld mange av stadane han skal til, så det lovar godt, seier kulturhusleiar Kåre Bruvoll Alme.