Nordfjord kan få sjukepleiarutdanning

Utfordringa med å rekruttere sjukepleiarar kan føre til eit desentralisert studie i Nordfjord.

  Foto: Illustrasjonsfoto

Nyhende

Under eit fellesmøte for nordfjordkommunane på Eid, vart dei utfordra av Høgskulen på Vestlandet om å legge til rette for eit desentralisert sjukepleiarstudie med plass til 12 studentar med oppstart i 2019.

Bakgrunnen er behovet for å rekruttere fleire sjukepleiarar. Høgskulen i Sogndal vil drifte det desentraliserte studiet.

– Diskusjonen går om tilrettelegging og lokasjon, men det er veldig positivt at vi kan få på plass eit høgskulestudie i Nordfjord. Dette kan vere ein god prøvestein for vi ønskjer fleire høgskulestudium i framtida, sa Flo.