Ligg på spelelista til Radio Stryn:

Har du lurt på kven som syng "Å kunne eg skrive..."?

Vel dialekt: Øyvind Seljeset er trubadur og bandmusikar, og har sidan 13-14-årsalderen vore å sjå og høyre på ei rekkje scener. Å syngje på eiga dialekt er han svært glad i, og no får han mykje skryt for si tolking av Lars Bremnes sin «Å kunn' æ skrive» på nordfjorddialekt.  Foto: Marius Reed Hopland

Nyhende

Høyrer du på Radio Stryn sine sendingar, som går dagleg mellom 06.00 og 20.00?

På spelelista ligg det mellom anna fleire lokale musikarar. Kanskje er du ein av dei som har høyrt Lars Bremnes sin vakre «Å kunn' æ skrive» på nordfjorddialekt og lurt på kven som syng?

Her får du svaret: Det er Øyvind Seljeset frå Hornindal. 

Songen ligg både på spelelista til Radio Stryn og på nettstaden smule.com, og fleire har skrytt av den fine innspelinga og dialektbruken.

– Kvifor song du inn denne på di eiga dialekt?

– Eg synest i utgangspunktet songen er veldig fin. Samtidig synest eg at musikk er veldig fint med nordfjorddialekt, eg synest denne dialekta uttrykkjer meir enn andre. Så då vart songen hakket finare med nordfjorddialekt, synest no eg!

Songen kan du høyre på Radio Stryn og på Smule.com (om du ikkje får linken til å verke, prøv med Google Chrome, eller gå til smule.com og søk på oyvsel).