Har totalrenovert butikken:

Bunnpris i Olden ny-opnar

– Velkomen, seier ein blid og opplagd kjøpmann, Andrè Opheim, i det han viser Fjordingen rundt i det nyoppussa butikk- lokalet til Bunnpris Olden.

Staben: Velkomne til «ny» butikk seier Andrè, Mona-Jill Forssèn Haugen og Emma Nordlander som er dei to fast tilsette i bedrifta. Dyktige damer, seier sjefen sjølv.  Foto: Berit Melheim

Hyggelege og dyktige tilsette er viktig for oss

André Opheim, kjøpmann
Nyhende

Ein romsleg,oversiktleg og fin butikk med moderne kjøleveggar for frukt/grønt/ferskvarer og frysevegg for frysevarer.

Dette er andre butikken i fylket som har fått installert slike veggskap med eit nytt miljøvenleg system og som stettar framtidige krav.