Har fått namnet «Åjauuu»

Kaffikroken hos Bunnpris Olden har fått namnet «Åjauuu». – Dette er blitt ei «kulturkrå», seier André Opheim.

Kaffikroken: Fleire stikk innom og tek seg ein kaffi og ein prat før dei skal på jobb. Her snakka vi med Jon M. Osvik, Otto Frøholm og Bjarte Haugen. Butikken er blitt flott, seier alle tre.  Foto: Berit Melheim Berit Melheim

Nyhende

Kjøpmann Andrè Opheim er oppteken av ord og utrykk som «gamlekarane» brukte, derav namnet «Åjauuu». Eine veggen er dekorert med gode dialektord og saftige uttrykk.

Viktig treffpunkt

Elles er veggane dekorert med bilder frå Olden si historie.Her samlast kundar som har tid til ein prat eller ei god historie over ein kopp kaffi.