Stryn formannskap:

I mål med budsjettet

Utan dei store diskusjonane vart formannskapet samd om budsjett og økonomiplan.

I mål: Formannskapet vart samd om budsjett og økonomiplan som blir lagt ut på høyring tysdag før endeleg handsaming i kommunestyret 18. desember.   Foto: Roger Oldeide

Nyhende

– Eg har aldri før opplevd eit slikt engasjement kring eit budsjett, og det er eg glad for, innleia ordførar Sven Flo.

Som venta og signalisert var det tverrpolitisk semje for å vidareføre Rand skule og barnehage for heile planperioden.