Sterkt redusert postombering - vil du protestere?

I følgje LLA inneber forslaget avislevering måndag, onsdag og fredag den første veka, og tysdag og torsdag veka etter, slik at det i snitt blir avislevering 2,5 dagar i veka.  Foto: Bengt Flaten (illustrasjonsfoto)

Nyhende

Fjordingen sin redaktør er ein av mange som har protestert mot den føreslegne nye postlova, der det er lagt opp til kraftig kutt i postomberinga.

I følgje Landslaget for lokalaviser vil dette føre til at nesten 400.000 nordmenn står i fare for å miste tilgangen til daglege aviser, og eit titalls aviser står i fare for å måtte legge ned.

- Det er mulig å stoppe dette. Vi krev at avisa skal fram, også i distrikta, seier LLA.

I følgje LLA inneber forslaget avislevering måndag, onsdag og fredag den første veka, og tysdag og torsdag veka etter, slik at det i snitt blir avislevering 2,5 dagar i veka.

På LLA si nettside kan du sjå videofilm og sende postkort til regjeringa for å protestere mot ordninga.

Sjå filmen "Avisa skal fram" og skriv "postkort" til Jon Georg Dale og regjeringa her.