– Positivt overraska

Formannskapet i Stryn fekk ros av sin ferskaste representant

Ny ved bordet Silje Åsnes Skarstein, her med den meir erfarne partikollegaen Per Kjøllesdal.   Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Etter endt budsjett og økonomiplan-diskusjon, ville den relativt ferske formannskapsrepresentanten Silje Åsnes Skarstein (Sp) gi uttrykk for si nye erfaring.

– Eg har ikkje vore med i budsjettdiskusjon tidlegare, men eg må seie at eg hadde forventa ein mykje hardare diskusjon. Eg er veldig positivt overraska over stemninga i diskusjonen og korleis formannskapet, på tvers av partia, arbeidar for å finne dei beste løysingane for innbyggarane i Stryn, sa Skarstein.