Endringar i ultraløp

Vann i år: Askild Vatnbakk, Bøler IF, vann Hornindal Rundt 2018 (75 km).   Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Ultraløpet Hornindal Rundt feirar 10-årsjubileum i 2019. No gjer arrangøren endringar.

Det er løpet over 38 km som får endringar.

– Starten for dette løpet blir ved Horndøla bru, der det tidlegare har vore målgang, seier Svein Otto Espe. Dermed får både 38-kilometersløpet og løpet på 75 km målgang i Honndalshallen.

Arrangøren legg også opp til ein mix-stafett på 75 km.

– Her blir første veksling ved Grothaug, andre veksling ved Horndøla bru, tredje veksling ved Storesætra før sistemann spring i mål i Honndalshallen, opplyser Espe. Han håpar på opp mot 400 deltakarar totalt.